torsdag 12. februar 2009

Bokmelding

Eg har lesi boka ”For god til å være sann” av Marian Keyes. Ho er ein populær irsk forfattar fødd den 10. september 1963. Boka vart utgjeven av Damm forlag i 2008, og ho har 719 sider. Ho har skreve åtte romanar og to samlingar faglitteratur. Bøkane hennar er oversatt til over 30 forskjellige språk, og har selde til saman 30 millionar eksemplar.

Boka handlar om fire forskjellige kvinner som alle har hatt eller har eit forhold til den bråkjekke politikaren, Paddy de Courcy. Lola Daly, som er kjærasten hans finner ut at han skal gifte seg med Alicia Thornton, ein hesteliknande kvinne. Grace Gildee som er journalist og sjølv har hatt eit forhold til Paddy, skal dekke saken. Graces søster Marnie Hunter har også eit forhold til Paddy. Han var nemleg den første kjærleiken hennar. Utover i boka finner ein bandet som lenkar dei alle saman, og ein forsvinner djupare og djupare inn i Paddy de Courcys løyndomar.

Handlinga skjer i Irland, og miljøet er sosieteten og overklasse kvinnene i forskjellige delar av Irland. Mye av boka er også ved havet. Resten av handlinga skjer i Dublin, der alle dei 3 kvinnene bur.

Lola Daly er ein hardt arbeidande stylist som er sterk og sjølvstendig. Etter tapet av Paddy blir ho ustabil og klarar ikkje konsentrere seg, slik at ho mistar viktige kundar. Lola er pen og ho har lilla stripar i håret, sjølv om ho er nøye med å påpeke at dei er ikkje lilla. Dei er molichino. Grace Gildee er ein forfattar som gjerne vil intervjue Lola om Paddy, fordi ho sjølv har ein fortid med Paddy. Ho er sterk, smart og munnrapp, og let ikkje en god ”story” forsvinne utan vidare. Marnie er tvillingsøstera til Grace. Ho lider av voldsame depresjonar og er ein alkoholikar, noe ho ikkje sjølv innser. Hennar svekka sjølvbilde og valdsame drikkevanar gjer at ho glir lenger og lenger unna mannen og barna sine.

Boka dreier seg eigentleg om svik og løgn. Ho handlar om korleis ein mann kan øydelegge livet for så mange kvinner, og kvifor dei beskyttar ham med alt dei har. Ved å skrive denne boka vil nok Marian Keyes få fram at alle skitne løyndomar før eller sida vil bli avslørt.
Marian Keyes er en utmerket forfattar og ho skriv på ein måte som gjer henne unik. Språket er lett og ledig, men samtidig både gripande og utruleg morosamt. Når noko er skreve så levande og interessant leses 719 sider på eit blunk. Sjølv om eg elska boka og skryter ho opp i skyene kan eg forstå at det er mange som ikkje ville likt ho. Boka passer best for litt vaksne jenter/kvinner som liker mote og synes det er artig å lese om kjærleik.

Ingen kommentarer: